I FYR OG FLAMME // Kjartan Fløgstad for full musikk (festival)
30. september 2023
16:00
I FYR OG FLAMME
Kjartan Fløgstad for full musikk
Kulturkirken JAKOB, 30. september kl 16.00-22.15
Ein mikrofestival der ei stjernerekke av artistar presenterer nye tingingsverk og musikalske høgdepunkt frå forfattarskapen til Kjartan Fløgstad, i samspel med forfattaren sjølv.
Kjartan Fløgstad debuterte med lyrikk i 1968 og har sidan gitt ut over femti bøker, mange prisbelønte og i dei fleste sjangrar. Han er mest kjend for sine romanar, men har og, gjennom heile forfattarkarrieren, dikta songtekstar og samarbeidd med artistar og komponistar på kryss og tvers av etablerte sjangergrenser.
På denne festivalen presenterer ei stjernerekke av artistar musikalske høgdepunkt frå Fløgstads forfattarskap side om side med nye bestillingsverk. Fløgstad vil sjølv medverka i fleire av verka, og mellom konsertane vil dramaturg og konferansier Ola E. Bø samtala med forfattaren om musikken, tekstane og dei ulike prosjekta. Artistane vil også opptre som gjester i konsertane til kvarandre, og slik vil det kanskje oppstå heilt nye måtar å oppleva Fløgstad på?
Songtekstane som blir framførde er henta frå heile forfattarskapen. Dei hyllar arbeidar- og folkekultur, kvardagshelter og kvardagsliv, og skildrar djuptgripande historier frå gruvesamfunn til flyktningkrise, frå Latin-Amerika til Sør-Varanger.
Frå debutsamlinga Valfart har folkemusikar og komponist Jorun Marie Kvernberg tonesett tekstar til eit nytt verk for messingkvintett, hardingfele og song, skrive på bestilling for denne festivalen!
Det blir også urpremiere på dei rykande ferske songtekstane Sør-Varanger suite i eit nytt verk av den ettertrakta jazzsaksofonisten og komponisten Trygve Seim, framført av Tora Augestad, NyNorsk Messingkvintett og komponisten sjølv.
I tillegg får vi høyra musikk frå romanen Due og Drone (2019) framført av Kjartan Fløgstad Band (Steinar Raknes, Tom Stalsberg, Kjartan Fløgstad og Martin Windstad) og frå albumet Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet med folkemusikktrioen Trio Alde. (Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg) Latin-Amerika får sjølvsagt også stor plass, og vi får Oslo-premiere på den gripande konsertforestillinga Koparsongar av og med Per Arne Glorvigen og Kjartan Fløgstad, og smektande Piazzolla-tangoar i Fløgstad-gjendikting, arrangert for dette høvet av Sverre Indris Joner.
Festivalen er initiert av NyNorsk Messingkvintett og arrangerast som eit samarbeid mellom NyNorsk Messingkvintett og Kirkelig Kulturverksted. Det kunstnariske programmet er kuratert av NyNorsk Messingkvintett i samråd med Fløgstad sjølv.
PROGRAM
Det vil bli sal av mat og drikke i pausane. Det vil også vere mogleg å kjøpe bøker av Fløgstad for ein hyggeleg festivalpris.
16.00 Del 1: Himlaleite – over alle blånar
Konsert med Trio Alde og NyNorsk Messingkvintett m. fl. med musikk av Gabriel Fliflet og Jorun Marie Kvernberg.
pauser ca 17.00-17.30 og 18.00-18.15
18.15 Del 2: Koparsongar – ein hyllest til Latin-Amerika
Konsert med Per Arne Glorvigen, Kjartan Fløgstad, Tora Augestad og NyNorsk Messingkvintett med musikk av Per Arne Glorvigen og arrangement av Sverre Indris Joner.
pause ca 19.15-20.00
20.00 Del 3: Due og Drone – konsert med Kjartan Fløgstad Band
Musikk av Steinar Raknes til tekstar av Kjartan Fløgstad og Tom Stalsberg.
pause ca. 20.55-21.15
21.15 Del 4: Sør-Varanger suite - Toner frå grenseland
Urframføring av tingingsverk av Trygve Seim. Med Tora Augestad, Trygve Seim og NyNorsk Messingkvintett.
Medverkande:
Kjartan Fløgstad (forteljar/forfattar)
Per Arne Glorvigen (bandoneon/komponist)
Tora Augestad (mezzosopran)
Trygve Seim (saksofonar/komponist)
Trio Alde: Gabriel Fliflet, (trekkspill, piano, song) Berit Opheim, (song) Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song)
Kjartan Fløgstad Band: Steinar Raknes, (bass) Tom Stalsberg (vokal) Kjartan Fløgstad (tekst) Martin Windstad (trommer)
NyNorsk Messingkvintett: Erlend Aagaard-Nilsen, (trompet) Jørgen Arnesen, (trompet) Marie Solum Gran, (horn) Ingebjørg Bruket, (trombone) Berger Iver Færder (tuba)
Arrangementet er støttet av LO's Kulturfond, CREO, Kulturrådet, Norsk Komponistforening og Oslo kommune.