Beate S. Lech

& Det norske jentekor

20. desember 2016


19:00

Delta


20. desember 2016


Arrangementet starter:

19:00


Del Arrangement


I 2014 gav Beate S. Lech ut det kritikarroste julealbumet "Høgtidsrom" saman med koret SKRUK. I åra etter dette har ho framført denne vakre julekonserten i kyrkjer rundt omkring i landet. Konserten består av kjente og kjære julesongar - nokre med nyskrivne tekstar, og i tillegg nokre nyskrivne julesongar. Nytt for året er at alle kor-arrangementa er omarrangert spesielt for barnekor. I Jakobkirka vil ingen ringere enn Det Norske Jentekor synge! http://www.detnorskejentekor.no/ Dette blir vakkert!! https://www.ticketmaster.no/event/beate-lech-det-norske-jentekor-hgtidsrom-tickets/512229 Det er ei sakral stemning over det heile. Ingen av julesongane handlar om snø eller nissar. Beate har valgt å skrive arrangementa i eit litt mystisk landskap. Songane vil kanskje ikkje framstå som så lettygde som vi ofte kjenner dei, men med litt motstand både i klang og harmonikk. Det kan sparke litt av og til, samtidig som det er lagt til rette for eit mektig og vakkert løft. Ho utnyttar dynamikken maksimalt - frå det heilt vare og skjøre til det brusande og dundrande. På denne julekonserten skal ikkje publikum sovne, men la seg løfte opp og ut av kvardagen og inn i det indre rommet, der sårbarheta og åpenheta bur. Og då kan alt skje. I tillegg til kor og Beate, er det med jazzband som består av Andreas Bye på trommer, Sigurd Hole på bass og Andreas Ulvo på tangentar. Dei vil bære kor og solist med improvisatorisk leikenhet.

Se også: