Knut Buen / Sigmund Groven / Anne Gravir Klykken: Klangen av Telemark

10. mars 2021


19:30

KNUT BUEN (hardingfele)
SIGMUND GROVEN (munnspel)
Gjest:
ANNE GRAVIR KLYKKEN (song)

«Dynamisk og levende, med vitalitet og nerve, man har sjelden hørt på maken»
Slik skreiv avisa Klassekampen om konserten i maskinhallen på Vemork da Knut Buen, Sigmund Groven og Anne Gravir Klykken lanserte den nye plata si «The Sound of Telemark» i fjor haust.
Her er kjende og kjære folketonar, bruremarsjar og tradisjonelle slåttar, side om side med nyskrivne songar.

Knut og Sigmund kjenner vi som dei fremste utøvarar på sine instrument, med lang fartstid i norsk musikkliv. Begge er viktige ambassadørar for norsk kultur rundt i verda. Her har dei invitert med seg den fine folkesongaren Anne Gravir Klykken som gjest på konserten.

«Noe av det fineste jeg har hørt, rørende vakkert»
– Ove Mellingen i TA

«Et praktverk av Telemarksmusikk»
– Kåre Grøttum i Puls

SIGMUND GROVEN
har ei internasjonal solistkarriere som spenner frå konsertar i Carnegie Hall i New York og Mozarteum i Salzburg til listeplasseringar i Sør-Korea og Hong Kong.

Sir George Martin omtala han som «ein strålande musikar, ein av dei finaste munnspelutøvarane i verda».

Sigmund er fødd i Heddal i Telemark i ein musikalsk familie; farbror hans var komponisten, spelemannen og musikkforskaren Eivind Groven. Interessa for munnspelet vakna da Sigmund var 9 år. Da han var 14, møtte han munnspel-legenden Tommy Reilly, som blei mentor og samarbeidspartnar. Norsk publikum kjenner han frå plateinnspelingar, radio og TV-program og konsertar landet rundt gjennom mange tiår. Han er og ein særmerkt komponist. Verklista inneheld over 350 komposisjonar, som spenner frå ”Så spiller vi harmonica” (tekst: Erik Bye) til verk i større format.

Frå 2018 har han undervist i munnspel på Norges Musikkhøgskole. Han har fått mange prisar både her heime og i utlandet, og i 2015 blei han utnemnt til Riddar, 1.klasse, av Den kongelege norske St.Olavs orden.

KNUT BUEN
er fødd 31 oktober 1948 og bur i Tuddal i Telemark, der han også har heim og base for verksemdene sine. Både på mor og farsida er han ætta frå folkekunstnarar, i fleire generasjonar. Det gjeld skapande og tradisjonsberande utøving i både musikk, kunst og handverk.

Han opplevde å veksa opp i miljø der alle desse faguttrykka var levande i miljøet og han lærte seg å spela hardingfele i ein alder av 9 år. Han gjekk vanleg folkeskule i åtte år, men blei seinare mest oppteken av å nytte tida på å lære og samle slåttar, folketonar og folkeminne og forteljing frå eldre kjelder han også blei personleg vener med. Han lærte seg rundt 500 slåttar, og byrja verka som profesjonell konsertmusikar alt frå tenåra. Han gjorde, samstundes, kontinuerleg, innsamling av folkeminne og folkemusikk og stifta eige forlag for utgjeving av fonogram i ulike format, artiklar og bøker.

Frå forlaga Rupesekken, Nyrenning og Buen Kulturverkstad har soleis rundt 150 publikasjonar funne vegen ut til interesserte brukarar og nedlastning på nett. Knut Buen har komponert mange titals slåttar og over hundre melodiar til eigne tekstar. Er også tekstforfattar og musikar på oppdrag og har gjort ei rekke musikalske verk i samarbeid med arrangørar innan ulike musikksjangrar.

Knut Buen er Professor II ved Norges Musikkhøgskole frå 2017. Han var Statsstipendiat frå 1989 til 2018. Vart slått til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999. Av prisar nemnest Telemark Fylkes kulturpris, Anders Jahres kulturpris, Hilmarprisen, Spellemannprisen, Gammlengprisen, Lindemans Legat, Telemark Mållag sin pris, Æresmedlemskap i Folkorg og Myllargutens gullmedalje 1979.

ANNE GRAVIR KLYKKEN
Folkesongaren Anne Gravir Klykken er frå Skien. Ho har si musikkutdanning frå Høgskolen i Oslo, Universitetet i Agder og Høgskolen i Telemark – institutt for folkekultur.

Saman med Frøydis Grorud (sax/fløyte) og Torjus Vierli (tangentar) utgjer ho trioen Vintermåne. Trioen har tre plateutgjevingar og tjue år med konsertar bak seg.

Anne har gitt ut to soloplater: «Husk opp i ring» (2000) og «Jeg har vel ingen kjærere» (2012).

Ho har gjennom ei rekkje ulike prosjekt dei siste tjue åra samarbeidd med mellom andre: Iver Kleive, Bugge Wesseltoft, Ingebjørg Harman Bratland, Aasmund Nordstoga, Audun Kleive, Helge Andreas Norbakken, Tre Sopranos, Mattis Kleppen, Sigmund Groven, Knut Buen og Bjørn Kjellemyr.

Arrangementstidspunkt/konsertstart : 19:30
Dørene åpner : 18:30