Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

Utsatt: Ny dato

27. januar 2020


19:30

NB: Arrangementet er flyttet til 27. januar grunnet sykdom. 
Har du kjøpt billetter til den opprinnelige datoen i november, gjelder samme billett for ny dato!

Måndag 27. januar får vi høyre nykomponert musikk til Haugtussa av Arne Garborg i Kulturkirken Jakob. Albumet «Der draumar sviv» er sett saman av 14 nye tonsetjingar av sentrale dikt i diktsyklusen frå 1895. Komposisjonane er laga av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter. Haugtussa er eit hovudverk i norsk litteratur. Skildringane av kjærleik og lengt, tru og tvil, mystikk og menneskenatur er like aktuelle no som i 1895. Musikken har element frå visetradisjon, pop, jazz og folkemusikk.

Songar Jorunn Undheim vaks opp på Jæren. Knudaheio, diktarstova til Garborg, ligg på garden til foreldra hennar, og marka rundt er barndomslandskapen hennar. Like ved ligg heiene der Garborg var gjetar som barn, og minna frå den gongen var viktige då han skildra naturen i Haugtussa. Til Kulturkirken Jakob kjem det eit stjernelag av norske musikarar:

Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin)
Kjell Harald Litangen (gitarar)
Jan Olav Renvåg (kontrabass)
Christian Svensson (trommer)
Hanne Vasshus (vokal)
Bjørn Einar Hanstveit (perkusjon)
Bjørge Verbaan (tangentar)
Jorunn Undheim (vokal)
Kjell Olav Stangeland (dikt)

Oslo Strings:
Lise Sørensen Voldsdal (fiolin)
Ragnhild Lien (fiolin)
Isa Caroline Holmesland (bratsj)
Kaja Fjellberg Pettersen (cello)

Dørene åpner 1 time før oppsatt konsertstart.
Kulturkirken Jakob har rampe for rullestolbrukere og tilgjengelig toalett i hovedetasjen.
Ledsager gratis med gyldig ledsagerbevis.